Matsuverenitet for alle

Image

Hei, dere!
Det er mye som skjer for tiden selv om det ikke kommer så ofte oppdateringer på bloggen. Tenkte jeg skulle dele en kronikk med dere som var på trykk i Klassekampen tidligere i uken. Her har jeg på vegne av Spire vært med å skrive sammen med Heidi Lundeberg og Hanna Kvamsås fra Latin-Amerikagruppene og Benedicte Pryneid Hansen fra Attac. Dette er en kritikk av at Norge gjennom landbruksmeldingen ikke gjør nok for å være en konstruktiv internasjonal aktør, og at det er på tide å virkelig fronte matsuverenitet som en rettighet alle bør ha!

“Noreg – ein konstruktiv internasjonal aktør?

I den nye landbruksmeldinga presenterer regjeringa Noreg som ein konstruktuv internasjonal aktør på verdas matmarknad. Dei informerer om at vi må møte klimaendringar, folketalsvekst, press på naturressursar og stigande råvareprisar med å auke verdas matproduksjon med 70 %. Ifølgje meldinga skal landbruksproduksjon skje på ein miljømessig berekraftig måte, og matsikkerhet er særleg avhengig av investering i småskala produksjon og fokus på kvinner i jordbruket. Analysen er på plass, men resten manglar, så her kjem tips til landbruksminister Brekk om korleis han verkeleg kan bli ein konstruktiv internasjonal aktør på verdas matmarknad.

Matsikkerhet vs Matsuverenitet

Først kan ein bytte ut omgrepet matsikkerhet med omgrepet matsuverenitet. Landbruket si rolle er ikkje berre å produsere nok kaloriar på verdsbasis, det dannar og grunnlag for samfunn, kultur og er levebrødet til store deler av verdas befolkning. Skal dette ivaretakast kan ein ikkje berre fokusere på at nok mengde god mat skal produserast, men på retten til å ta vare på lokalsamfunn og levebrød. Medan matsikkerhet ikkje seier noko om korleis mat skal produserast, eller kven som skal produsere den, fokuserer matsuverenitet på menneske sin rett til sjølv å bestemme system for landbruk og matproduksjon. Har statar politisk handlingsrom til å bestemme eiga sjølvforsyningsgrad og fridom til å bruke verkemiddel til å beskytte eige landbruk kan dei lettare sikre tilgang til mat for alle sine innbyggarar. I dag er landbruket i mange land, inkludert Noreg, pressa av internasjonalt handelsreglverk blant anna gjennom WTO som krev stadig opnare marknader.Vi er nøydde til å ha eit handelsregelverk der mat og landbruk vert tilkjent den viktige og unike rolla desse har i samfunnet. Berre slik kan vi sikre eit globalt matproduksjonssystem der ein både kan meitte heile jorda si befolkning på ein økologisk, sosialt og økonomisk berekraftig måte. Mat kan ikkje samanliknast eller sidestillast med andre handelsvarer, og det er difor naudsynt å særbehandle produksjon og handel med mat.

Importvern og politisk handlingsrom
Noregs importvern gjev stort politisk handlingsrom til å føre ein nasjonal landbrukspolitikk, men det må utnyttast i større grad enn i dag for å sikre norsk matproduksjon basert på nasjonale ressursar og nasjonale inntektsvilkår. Regjeringa brukar mykje plass i meldinga på å bekymre seg over at Noreg vil møte sterkare internasjonalt press om marknadsopning for landbruksvarer i framtida grunna vårt høge prisnivå. Særleg vil forpliktingar i WTO vere utfordrande og påverke omfang og utforming av norsk landbruksstøtte, i form av tollreduksjon og etablering av importkvoter. Forhandlingane i WTO har lenge stått stille, og utarbeiding av bilaterale handelsavtalar til dømes gjennom EFTA har delvis teke over. Felles for desse avtalane er fokuset på nyliberal frihandel og avvising av andre handelsalternativ.

Løysningane som kjem fram i landbruksmeldinga under  verkemiddel i jordbruket fokuserer på korleis Noreg skal omrokkere på omgrep, og sikre framtidige subsidier til landbruket ved å bytte kategori for ulike typar støtte i WTO, og sikre sine interesser i EFTA og i forhold til EU. Landbruksmeldinga innrømmer og at det siste forslaget frå WTO frå desemberforhandlingane i 2008 er på grensa for kva Noreg kan akseptere. Landbruksmeldinga set mål for norsk landbrukspolitikk, men med forbehald om kva som kan gjerast med formuleringar som ”innanfor gitte handelspolitiske rammer”. Det ville vore betre om regjeringa arbeidde for eit forslag dei kunne stå inne for og som verkeleg gagna bønder i inn og utland. Ein må ha politisk vilje for å ta i bruk det politiske handlingsrommet som finst. For å møte globale utfordringar må Noreg bruke eigne areal til matproduksjon. Det betyr å ta i bruk handlingsrommet vi har i landbrukspolitikken og fremje landbrukspolitikk som verkeleg støttar opp om norske bønder og tek i bruk norsk grasareal og norske ressursar framfor å fremje auka bruk av importert kraftfôr og kompensere bondenæringa for at vi heller vil importere billeg mat og fôr.

Politisk vilje
Landbruksminister Brekk forsvarar meldinga si i ein kronikk i Nationen 27.12.11. med at auka bruk av kraftfôr kjem av ei auke i etterspurnad av gris og kylling, og at alternativet ikkje er å endre forbrukarmønster, men å importere meir kjøt. Dette viser mangel på politisk vilje til å sjå etter alternativ, ein berre fremjer import av billeg mat som einaste løysing. I eit globalt perspektiv der ein milliard menneske går svoltne til sengs kvar dag er det vanskeleg å forsvare denne typen ressursbruk. Når ein globalt peiker på at verdas matproduksjon må aukast med 70% er det like viktig å hugse at matmangel og svolt  hovudsakleg er eit politisk fordelingsproblem. Folk svelt i område der storpareten av innbyggjarane er bønder. Med dette perspektivet kan ikkje Brekk og regjeringa halde fram med å fremje ein norsk landbrukspolitikk som ikkje kan vere med å bidra til dette målet. I staden bør regjeringa jobbe for eit internasjonalt handelsregelverk som sikrar kvart enkelt land politiske reiskapar til å utnytte, forvalte og kontrollere eigne ressursar og eigen matproduksjon i tråd med matsuverenitetsprinsippet.

Det er forvirrande å lese landbruksmeldinga ”Velkomen til Bords”. Analysane etterfølgast av politikk og verkemiddel som ikkje presenterer alternativa vi treng for å sikre norsk og internasjonal matproduksjon og rettferdig handel med mat. Om Noreg verkeleg vil vere ein konstruktiv internasjonal aktør må ein byrje å sjå norsk landbruksproduksjon, og handel med mat, som ein del av eit heilskapleg bilete der både natur, miljø og samfunn vil nyte godt av mangfoldig bruk av lokale ressursar, rettferdige handelssystem og solidaritet mellom land som støttar retten til eigen matproduksjon og matpolitikk.”

Advertisements

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s